Om Voss Radioteknikk

Voss Radioteknikk vart skipa i 2007. Det var ingen lokale leverandørar som har kompetanse av betydning om radiosamband på Voss og i området rundt og på bakgrunn av dette kom det ofte ulike førespurnader om sambandsrelatert "bistand" frå ulike føretak, etatar og organisasjonar. Desse førespurnadane synte at det var ein marknad for dette i området. I dei seinare åra har det vorte satsa på tilleggsutstyr til bil, som xenon lys, styringssystem o.l.

Voss Radioteknikk er i dag den leiiande leverandøren av radiosamband og kommunikasjonsløysinga i indre Hordaland, men leverer også ein god del utstyr til andre delar av landet.

Voss Radioteknikk er Nkom (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) godkjend radioforhandlar og er i tillegg godkjend som forhandlar av sikringsradio. Me har forhandlaravtale med dei leiande leverandørane av kommunikasjonsutstyr, noko som sikrar deg som kunde god oppfølging for ettertida.

 

Føretaket er drive av underteikna som m.a. har arbeidd mykje med sambandssystem i Røde Kors. Røde Kors har i dag eit godt oppbygd sambandsnett som består av basestasjonar, linkstasjonar og APRS-tracking stasjonar som alt er plassert på strategiske punkt. Fokus på tryggleik og beredskap har vorte sterkt vektlagt under utbyggjinga av dette systemet. Desse sambandssystema SKAL virke når annan "vanleg" kommunikasjon sviktar.

 

Daniel Hole

Voss Radioteknikk

 

Copyright Voss Radioteknikk - 2019

Org. nr: 991 966 994 MVA