Fleire og fleire kundegrupper oppdagar fordelene med å nytte radiosamband. Ein kan ved eit tastetrykk opprette kontakt med fleire brukarar og behovet for effektiv kommunikasjon vert ivareteke på ein god måte.
Døme på brukarar av radiosamband er:
- Nødetatar
- Redningstenesta (Røde Kors m.fl)
- El-forsyning
- Entreprenørverksemder
- Skianlegg
- Jaktlag
- Privatpersonar / fritidsbruk
Desse brukarane har alle ulike behov. Nokre klarar seg med enkle løysingar med få handradioar, medan andre har behov for avanserte system med fleire radiobasar kopla saman. Ein kan basere radiosamband på ulike teknologiske plattformar.
For å få tildelt frekvens i VHF / UHF banda lyt ein søkje N-kom (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) om konsesjon. Ut i frå kva behov ein har kan ein få tildelt 1-frekvente kanalar (direkte frå radio til radio) eller 2-frekvente kanalar der signala går gjennom ein basestasjon/ repeater. 1-frekvent samband kan nyttast om ein har behov for radiokommunikasjon over kortare avstandar som t.d. på byggeplass, ved vegarbeid o.l. 2-frekvent samband går via basestasjon/repeater som mottek og sender ut signalet. Slikt utstyr er ofte plassert på fjelltoppar, eller andre strategiske punkt. Dette sikrar rekkevidde over større område.
Digitalt eller analogt radiosamband?
Ein kan velge mellom tradisjonelle analoge system eller ny digital teknologi. Det er fleire digitale plattformar som er aktuelle. TETRA er eit eksempel på ein digital standars som er mykje nytta i store avanserte radionett. Nødnett er eit eksempel på eit stort radionett som er bygd på TETRA standarden. Til mindre radionett nyttar ein ofte DMR-digitalradio. DMR er på full fart inn i marknaden og utviklinga på dette området er stor. Det er mange fordeler med digitalt radiosamband:
- Kryptering av radiosambandet hindrar avlytting
- Ekstremt mykje betre talekvalitet i støyfulle omgjevnader
- Sende tekstmelsingar internt i radionettet
- Gruppesamtaler eller privatsamtalar
- Mulighet for linking av baser via IP / radiolink
- Dispach-løysingar
- Digital og analoge kanaler i same radio (gjeld ikkje TETRA)
Brukarar som i dag har analogt radiosamband og som på sikt vurderer digitalt samband bør vurdere å kjøpe digitalt utstyr og nytte dette analogt fram til ein vel å gå over til eit digitalt radionett. Dersom ein har analogt sambandsnett og ynskjer å gå over til digitalt, treng ein ikkje søkje om nye frekvensar, men melde frå til NPT om endringane.
Dei tradisjonelle analoge sambandsradioane er sjølvsagt framleis aktuelle og kan setjast opp på fleire ulike måtar, alt i frå enkle behov, til meir avanserte løysingar med 5-tone selektivt oppkallsnummer på kvar radio.
Frekvensar:
Ein bør velge frekvensband ut i frå det sambandsbehovet ein ynskjer å dekke. Dersom ein t.d. samarbeider med eit anna føretak som nyttar UHF-samband kan det vere lurt å velge det same dersom ein ynskjer å "låne" frekvensane til kvarandre. Dersom ein baserer seg på ulike frekvensband står ein utan mulighet til å snakka saman.
VHF-samband:
Frekvensane som er mest nytta ligg mellom 136-174MHz. Frekvensar i VHF bandet gjev god rekkevidde i kupert terreng og er det frekvensbandet som er mest nytta til PMR føremål
(Profesjonell Mobil Radio). Jakt- og sikringsradio og maritim VHF er døme på brukarar av dette frekvensbandet. Brann, politi og helse nyttar også VHF, men vil på sikt gå over til det nye digitale naudnettet.
UHF-samband:
Denne type samband nyttar høgare frekvensar som ligg i området frå 400 til 470MHz. Samband på desse frekvensane er spesielt godt egna om ein har behov for samband innandørs, i betongkontruksjonar som på ein anleggsplass. Rekkevidda kan opplevast som noko mindre enn VHF-samband i friluft, men UHF sikrar godt lokalt samband om omgjevnadane er krevjande.
Voss Radioteknikk er N-kom godkjend radioforhandlar og kan bistå i spørsmål retta mot konsesjonssøknad og søknadsprosess.
Copyright Voss Radioteknikk - 2022
Org. nr: 991 966 994 MVA