Maritim VHF

Sida gjev ein presentasjon av produkt i kategorien maritim VHF. Dei ulike leverandørane har eit stort utval av utstyr og utstyret under er meint som eksempel på utvalet. Ta kontakt for informasjon og pristilbod!

 

Maritim VHF er eit internasjonalt radiosystem som vert nytta i skipsfarten. Utstyret opererer i VHF bandet og har god rekkevidde. Ein kan kalle opp andre båtar/skip og i tillegg ha kontakt med kystradiostasjonane. Kystradiostasjonane sender m.a. ut jamnlege ver- og tryggingsmeldingar som også er nyttig å fange opp. Ein kan få næraste kystradiostasjon til å setje opp telefonsamtalar opp mot det offentlege telenettet om ein er i område utan GSM dekning. Det viktigaste argumentet for å nytte maritim VHF når ein ferdast på sjøen er tryggleiken. Kjem du eller andre i ein situasjon der ein treng hjelp, nyttar ein kanal 16 som er nød- og kallekanalen. Båtar i nærleiken, samt kystradiostasjonen høyrer meldinga di og kan assistere. Systemet er godt utbygd med basestasjonar som dekkar store område. Fleire og fleire radioapparat er også utstyrt med DSC. Radioen har då ein alarmknapp og når denne vert trykt inn vert det sendt ut alarmanrop med ID nummer og din GPS posisjon.

 

Det har tidlegare vore ytringar om at mobiltelefonen kan vere ein erstatning for maritim VHF. Slik er det definitivt ikkje. Maritim VHF har betre rekkevidde på sjøen og utstyret er mykje meir robust samanlikna med ein ordinær mobiltelefon. I nødsituasjonar er ofte tidsfaktoren kritisk og med anrop på kanal 16 når ein direkte ut til båtar/skip i området, samt kystradiostasjonen.

 

 

 

Maritim VHF vert styrt og administrert av Telenor maritim radio.

Les meir om maritim radio her...

 

Produkteksempel:

ENTEL maritim VHF pakke

HT644 er ein profesjonell vasstett marineradio (IP68 - 1 time under 5 meter vatn). Maritim VHF med ferdigprogrammerte kanalar (INT, USA og CAN). Entel leverer kvalitetsradioar som er enkle og betjene og er utstyrt med siste teknologi. Entel har tidlegare retta seg mykje mot dei profesjonelle brukargruppene, men har no i seinare tid også hatt stort fokus på "hobbybrukarane". Levert med 1800mAh Li-Ion batteri, hurtigladar (230V og 12V), antenne og belteklips.

 

Produktblad...

 

 

ICOM IC-M23 maritim VHF pakke

Ein liten og kompakt maritim VHF som flyt på vatnet. Denne radioen har dei mest brukte funksjonane og passar til fritidsbrukarar. Samtlege maritime kanalar. Levert med 1590mAh Li-Ion batteri, ladar, antenne og belteklips. IP67 sertifisert.

 

Produktblad...

 

 

 

ICOM IC-M35 maritim VHF pakke

Kraftig radio med 6W utgangseffekt. Radioen flyt på vatnet om du skulle vere uheldig å miste den. Radioen har tilkopling til ekstern monofon og kan også leverast med tørrbatterikassett. Med automatisk volumjustering vil radioen automatisk justere opp lydnivået når du er i støyfulle omgjevnader. IC-M35 har også ein mikrofon på baksida av radioen som demper bakgrunnsstøyen, noko som gjer at talen vert tydelegare i miljø med med mykje støy. IP67 sertifisert. Vert levert med 980mAh Li-Ion batteri, ladar, antenne og belteklips.

 

Produktblad...

 

 

 

 

 

IC-M73E maritim VHF pakke

Kort og enkelt ein profesjonell radio som tåler det meste. Har tilleggsfunksjonen "last call voice recording", noko som gjer at radioen automatisk gjer opptak av det siste anropet. Radioen ligg svært godt i handa og fyrsteinntrykket ein får er at dette er ein bunnsolid radio. IP68 sertifisert

 

Produktblad

 

 

IC-M91D maritim VHF pakke med GPS og DSC

Verdas fyrste portable radio med GPS, aktiv støyreduksjon og DSC og MOB (mann over bord). Svært avansert radio med mange funksjonar. Radioen flyt i vatnet og signaliserer med blinkande lys og lydsignal. Med nødknapp på baksida kan ein sende nødanrop der posisjonen automatisk kjem med. Mykje tilbehør tilgjengeleg. IP67 sertifisert. Vert levert med 1500mAh Li-Ion batteri, antenne, ladar og belteklips.

 

Produktblad...

 

 

 

IC-M423 fastmontert maritim VHF med DSC

Fastmontert radio med 25w utgangseffekt sikrar lang rekkevidde. IC-M423 kan tilkoplast ekstern GPS, eller hente GPS data frå kartplottar. Nødknapp for utsending av DSC alarmanrop Kan utstyrast med "commandmic" som gjer at du kan betene radioen frå ein annan plass i båten. IP67 sertifisert. Levert med monofon, monteringsbrakett og straumkabel.

 

Produktblad...

 

 

 

IC-M400BB fastmontert maritim VHF med DSC

Samme brukargrensesnitt som IC-M423. Her vert radiodelen montert skjult og ein betener radioen ved hjelp av "commandmic" som følger med. Veldig praktisk og elegant løysing for båtar der ein ikkje har mykje plass og ynskjer å skjule radiodelen. Ein monterer radiodelen der det måtte passe og fører kabel fram til beteningspanelet

 

Produktblad...

 

 

 

Copyright Voss Radioteknikk - 2019

Org. nr: 991 966 994 MVA

Produktinfo:

 

- Wireless AS

- Zodiac AS