Tilbehør; batteri, antenner m.m

Voss radioteknikk har eit stort utval av tilbehør til sambandsløysingar. Antenna er i mange tilfeller nøkkelen til eit godt og effektivt radiosamband. Me leverer antenneløysingar frå kjende leverandørar som frå t.d. Aerial, Kathrein, Procom og Scan Antenna. Me leverer også ein god del antenneløysingar til hyttekundar som ynskjer meir stabil internettforbindelse. Me har antenner som dekkjer dei fleste frekvensband!

 

Nødnett

Voss Radioteknikk har fleire ulike antennetypar som eignar seg til

TETRA. Me leverer både rundstrålande og retningsbestemte base-

antenner. Fleire i redningstenesta skal montere Nødnett i hus og på

hytter og då har me eit godt produktutval.

 

 

 

Teleskopmast - 3,4m

Praktisk antennemast på 3,4 meter i svartlakkert aluminium. Dette er ei løysing som har vorte godt motteke. Me har spesiallaga antennefeste i POM materiale som gjer montering / demontering av antenne svært enkelt. Teleskopmasta vert levert i praktisk oppbevaringsbag i nylon. Her er det også plass til antenne og noko kabel.

 

 

 

 

 

Produktblad...

Pris: 1790,- eks mva. 2238,- inkl mva.

 

 

Batteri til sambandsradio:

Sambandsradioar nyttar ofte oppladbare batteri. Desse batteria har ulik levetid, noko som kan relaterast til bruk og ikkje minst laderutiner. Batteri til dei mest kurrante radiomodellane er standard lagervare. Erstatningsbatteri (uoriginale) er ofte mykje meir prisgunstig, om ein samanliknar med originale batteri. Dei fleste uoriginale batteria Voss RT leverer har battericeller frå dei japanske kvalitetsprodusentane Sanyo og Panasonic.

 

Batteri til desse radiomodellane er normalt std. lagervare:

- Icom F3022 / F34GT m.fl. (BP232)

- Icom F3GT m.fl. (BP210)

- Icom F3S m.fl. (BP196)

- Icom F51 m.fl (BP227)

- Icom F10 (BP160)

- Icom H12 / H16 (BP8)

- Motorola GP340, 360, 380

- Motorola GP300

- Motorola HT800 / Radius P210

- Ericsson P500

- Niros RX8008 personsøkjar

 

Intelligente ladeløysingar:

ACT leverer intelligente ladestasjonar som kondisjonerer og lader batteria. Resultatet er vesentleg lengre batterilevetid og betre totaløkonomi. Set batteriet i ladaren og la det stå så lenge det måtte passe. Ladaren sørger alltid for at batteriet er fullopplada og kondisjonerer batteriet ved behov. ACT ladarar er mykje nytta hjå nødetatar og beredskapsbrukarar som må vere sikra at batteria yt maksimalt.

 

Monteringsbrakettar og mobile ladeløysingar:

Nyttar du ofte radioen i bilen, traktoren, eller gravemaskina? Då kan ein radiohaldar for bilmontering vere ei god løysing. Desse vert levert i to ulike modellar:

- Passiv haldar (utan lading)

- Aktiv haldar (med lading)

 

Voss Radioteknikk leverer radiohaldarar både med og utan lading til dei fleste radiomodellar.

Copyright Voss Radioteknikk - 2019

Org. nr: 991 966 994 MVA

Produktinfo: