Utleige

Enkelte kundegrupper ynskjer å nytte radiosamband for eit kortare tidsrom. Dette kan vere under t.d. tilskipingar som konsertar eller konkurransar. Utleige er då eit fornuftig alternativ. Voss Radioteknikk tilbyr både kort- og langtidsleige av sambandsutstyr og disponerer opp mot 50 utleigeradioar med tilbehør. Mesteparten av utstyret er av merket Motorola eller Icom. Repeater som aukar rekkevidda kan også leigast ut om det er behov for sambandsdekning over eit større område.

 

Ved korttidsleige av radiosamband er prisen 125,- pr. døger eks. mva. Det kjem også eit tillegg for klargjering av radioane.

 

Ved langtidsleige vert det rekna pris i kvart enkelt tilfelle.

 

Radio vert normalt levert med følgande utstyr:

- Ladar

- Bæreveske

- Monofon m/øyrehøgtalar

 

Har ein behov for radiosamband under konsertar, eller under andre støyfulle miljø kan det leverast med Peltor hørselvern med tilkopling til radio.

 

Det er fornuftig å planlegge behovet for radiosamband i god tid slik at ein kan reservere naudsynt utstyr og ikkje risikerer at det er utleigd til andre kundar i denne perioden.

 

Copyright Voss Radioteknikk - 2019

Org. nr: 991 966 994 MVA

Aktuelt: