Strategisk plassert basestasjon/repeater vil gje vesentleg betre rekkevidde på sambands-nettet, samanlikna med 1-frekvent samband der signala går frå radio til radio. Base-stasjonar kan konfigurerast til å fungere som heilt enkel repeater, eller til meir avanserte løysingar med radiolinkar eller GSM-telefonoverdrag. Slike anlegg skal ofte fungere når all anna telekommunikasjon og straumtilførsel fell bort. Dei fleste basestasjonane me har sett i drift har kraftig batteribackup som gjev lang driftstid ved bortfall.
Voss radioteknikk leverer basestasjonar / repeater frå kjende leverandørar som Motorola og Hytera. Desse basestasjonane taklar både analog og digital sambandstrafikk. For reine analoge løysingar set me ofte saman løysingar sjølv med utgangspunkt i radiomodular frå Tait. Resultatet er enkle og driftssikre løysingar til gode prisar.
Voss Radioteknikk har spesialutvikla ei kompakt løysing der komplett repeater / basestasjon er montert i aluminiumskasse. Eit kraftig batteri (AGM eller LiPeFo4 gjev lang driftstid. 230VAC ladar på 7A er bygd inn i løysinga. Løysinga kan også leverast med 12VDC inntak dersom løysings skal driftast frå ekstern 12VDC. Dette er ei løysing som me har levert i fleire eksemplar til store offentlege kundar og til den frivillege redningstenesta. Antenneløysinga er ofte basert på teleskopmast på 3,4m.
Copyright Voss Radioteknikk - 2022
Org. nr: 991 966 994 MVA