Voss radioteknikk har eit stort utval av tilbehør til sambandsløysingar. Antenna er i mange tilfeller nøkkelen til eit godt og effektivt radiosamband. Me leverer antenneløysingar frå kjende leverandørar som frå t.d. Aerial, Kathrein, Procom og Scan Antenna. Me leverer også ein god del antenneløysingar til hyttekundar som ynskjer meir stabil internettforbindelse. Me har antenner som dekkjer dei fleste frekvensband!
Voss Radioteknikk har fleire ulike antennetypar som eignar seg til
TETRA. Me leverer både rundstrålande og retningsbestemte base-
antenner. Fleire i redningstenesta skal montere Nødnett i hus og på
hytter og då har me eit godt produktutval.
Praktisk antennemast på 3,4 meter i svartlakkert aluminium. Dette er ei løysing som har vorte godt motteke. Me har spesiallaga antennefeste i POM materiale som gjer montering / demontering av antenne svært enkelt. Teleskopmasta vert levert i praktisk oppbevaringsbag i nylon. Her er det også plass til antenne og noko kabel.
Pris: 1990,- eks mva. 2488,- inkl mva.
Sambandsradioar nyttar ofte oppladbare batteri. Desse batteria har ulik levetid, noko som kan relaterast til bruk og ikkje minst laderutiner. Batteri til dei mest kurrante radiomodellane er standard lagervare. Erstatningsbatteri (uoriginale) er ofte mykje meir prisgunstig, om ein samanliknar med originale batteri. Dei fleste uoriginale batteria Voss RT leverer har battericeller frå dei japanske kvalitetsprodusentane Sanyo og Panasonic.
Batteri til desse radiomodellane er normalt std. lagervare:
- Icom F3022 / F34GT m.fl. (BP232)
- Icom F3GT m.fl. (BP210)
- Icom F3S m.fl. (BP196)
- Icom F51 m.fl (BP227)
- Icom F10 (BP160)
- Motorola GP340, 360, 380
- Motorola GP300
Nyttar du ofte radioen i bilen, traktoren, eller gravemaskina? Då kan ein radiohaldar for bilmontering vere ei god løysing. Desse vert levert i to ulike modellar:
- Passiv haldar (utan lading)
- Aktiv haldar (med lading)
Voss Radioteknikk leverer radiohaldarar både med og utan lading til dei fleste radiomodellar.
Copyright Voss Radioteknikk - 2022
Org. nr: 991 966 994 MVA
Produktinfo: